Gå til hovedinnhold

Forlenga levetid for Sigyn

ExxonMobil har fått samtykke til å forlenge levetida for innretningane på Sigynfeltet.


ExxonMobil er operatør for Sigynfeltet, som er eit gass- og kondensatfelt i Sleipnerområdet i Nordsjøen, om lag 12 kilometer søraust for Sleipner Øst. Havdjupna er omlag 70 meter. Feltet er bygt ut med ei undervassløysing og brønnstraumen blir send gjennom to røyrleidningar til Sleipner A-innretninga. Produksjonen frå feltet starta i 2012.

Opphaveleg var produksjonen rekna å vare til 2017, men nye berekningar viser at produksjonen kan halde fram til 2022. ExxonMobil har derfor søkt om samtykke til å forlenge levetida for undervassanlegget på Sigyn med tilknytta brønnar, røyrleidningar og kontrollkabel for styring og overvåking av brønnane.

Vi har gitt ExxonMobil samtykke til å forlenge levetida fram til 31. desember 2022. 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12