Gå til hovedinnhold

Forlenga levetid for Oseberg Vestflanke

Statoil har fått samtykke til bruk av Oseberg Vestflanke ut over opphaveleg planlagd levetid.


Oseberg Vestflanke er ein del av Osebergfeltet og er bygd ut med undervassanlegg som er knytt til Oseberg feltsenter. Plan for utbygging og drift (PUD) for vestflanken vart godkjend i 2003. Produksjonen starta i 2005 og var venta å verte avslutta i 2014. Statoil, som er operatør for feltet, reknar no at Oseberg Vestflanke vil kunne produsere til om lag 2025, og har såleis søkt om samtykke til vidare bruk.

Ptil har no gitt Statoil samtykke til bruk av undervassanlegg, røyrleidningar og kontrollkablar på Oseberg Vestflanke fram til 31.12.2025.
 
Eit samtykke til bruk ut over opphaveleg planlagd levetid inneber at Ptil meiner at søkjaren har vist at han har oversikt over den tekniske tilstanden og har planar for vedlikehald og oppfølging, slik at innretningar og utstyr kan drivast vidare i samsvar med krava i regelverket. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77