Gå til hovedinnhold

Forlenga levetid for Jotun A og Jotun B

ExxonMobil Exploration and Production Norway AS (ExxonMobil) har fått samtykke til bruk av Jotun A og Jotun B ut over opphaveleg planlagd levetid.


Jotun er eit oljefelt som ligg om lag 25 kilometer nord for Balder, i den midtre delen av Nordsjøen. Havdjupet er 126 meter. Feltet er bygd ut med eit bustad-, produksjons- lagerskip, Jotun A (FPSO) og ei brønnhovudinnretning Jotun B.

Produksjonen starta i 1999 og var venta å verte avslutta i 2015. ExxonMobil, som er operatør for feltet, reknar no at Jotun vil kunne produsere til om lag 2021, og har såleis søkt om samtykke til vidare bruk.

Eit samtykke til bruk ut over opphaveleg planlagd levetid inneber at Ptil meiner at søkjaren har vist at han har oversikt over den tekniske tilstanden og har planar for vedlikehald og oppfølging, slik at innretningar og utstyr kan drivast vidare i samsvar med krava i regelverket. 

 

 

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064