Gå til hovedinnhold

Forlenga levetid for innretningar på Valhall

BP har fått samtykke til bruk av innretningane Valhall DP og PCP utover opphaveleg levetid.


BP Norge AS (BP) har søkt om samtykke til bruk av innretningane QP, DP og PCP på Valhallfeltet utover den opphaveleg planlagde levetida. 

BP ønsker å bruke DP-innretninga som brønnhovudplattform fram til brønnane er stengt inne, plugga og avslutta. Produksjonsinnretninga PCP er ikkje lenger aktiv, og BP vil bruke ho som brustøtte for bruene mellom innretningane DP og WP.

Ptil har gitt BP samtykke til bruk av desse innretningane fram til 31.12.2023. Samtykket er gitt med enkelte føresetnader, knytta til belastningsanalysar og kriterium for avmanning.

BP har òg søkt om vidare bruk av bustadinnretninga QP. Ptil har avslått denne delen av søknaden. 
 
 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064