Gå til hovedinnhold

Fjerning av beredskapsfartøy ved Snorre A

Statoil har fått samtykke til å fjerne brannberedskapsfartøyet ved Snorre A.


Snorrefeltet ligg i Tampen-området i den nordlege delen av Nordsjøen. Feltet er bygt ut med to innretningar; Snorre A, som ligg i den sørlege delen av feltet, og Snorre B, som ligg i den nordlege delen av feltet.

Snorre A er ein flytande strekkstagplattform (TLP) for innkvartering, boring og prosessering. Innretninga starta produksjonen i 1992.

Snorre A har fram til no hatt eit eige brannberedskapsfartøy. Dette har også bidrege med mann over bord (MOB)-båtberedskap.

Statoil har no søkt om samtykke til å fjerne beredskapsfartøyet på Snorre A. Statoil har ein etablert områdeberedskapsordning i Tampenområdet, kor Snorrefeltet inngår. Ordninga baserer seg på SAR-helikopter og områdeberedskapsfartøy. Områdeberedskapen blir ikkje påverka av at Snorre A sitt fartøy blir fjerna.

Påføring av passiv brannbeskyttelse og etablering av eit redundant MOB-båt-system på Snorre A er sett som kompenserande tiltak for fjerninga.

Ptil har gitt Statoil samtykke til fjerninga slik selskapet har søkt om.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77