Gå til hovedinnhold

Fjerning av beredskapsfartøy på Knarrfeltet

A/S Norske Shell har fått samtykke til å fjerne beredskapfartøyet på Knarrfeltet.


A/S Norske Shell (Shell) er operatør på Knarrfeltet, som ligg i den nordlege delen av Nordsjøen, om lag 50 kilometer nordaust for Snorre. Knarr er bygt ut med eit produksjons- og lagerskip (FPSO) og havbotnbrønnar.

Olja blir lasta frå Knarr FPSO til tankskip, medan gassen vert eksportert gjennom røyrleidning til St. Fergus i Storbritannia.

Produksjonen frå feltet starta i 2015.

Shell vil no fjerne beredskapsfartøyet på Knarr, og har gjennomført ei konsekvensutgreiing. Denne viser at ein kan fjerne fartøyet og fortsatt møte ytelseskrava til beredskap. Føresetnaden er at Shell utbedrar Mann over bord-systemet på Knarr FPSO og installerer av backup-utstyr for trafikkovervaking på innretninga.

Ptil har gitt Shell samtykke til fjerninga slik selskapet søkte om.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77