Gå til hovedinnhold

Fjerning av beredskapsfartøy på Alvheimfeltet

Aker BP har fått samtykke til å fjerne beredskapfartøyet på Alvheimfeltet.


Aker BP ASA (Aker BP) er operatør på Alvheimfeltet, som ligg i Nordsjøen nær grensa til britisk sokkel om lag 260 kilometer vest for Stavanger. Alvheim er bygt ut med ei flytande produksjonsinnretning og havbotnbrønnar. Feltene Vilje og Volund er også knytte til produksjonsinnretninga. Oljen frå feltene blir transportert frå feltet med tankskip og gassen blir eksportert gjennom i røyrleidning til St Fergus i Skottland. Produksjonen starta i 2008.

Aker BP ønsker at Alvveimfeltet skal tre inn i områdeberedskapen for Sleipner-Utsiraområdet, og har i den samanhengen søkt om samtykke til å fjerne beredskapsfartøyet på Alvheimfeltet.

Ptil har gitt Aker BP samtykke til fjerninga slik selskapet søkte om.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12