Gå til hovedinnhold

Faroe Petroleum Norge har fått samtykke til leiteboring

Faroe Petroleum er operatør for utvinningsløyve 825 i Nordsjøen. Vi har gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 30/6-30 Rungne.


Boringa er planlagt starta i oktober 2018 med ei varigheit på om lag 44 dagar, avhengig av funn.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 60° 43' 23.253" N
  • 02° 43' 12.554" A

Brønnen skal borast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.

Innretninga er operert av Transocean Ltd, og fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2004.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12