Gå til hovedinnhold

Faroe Petroleum får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Faroe Petroleum samtykke til boring av leitebrønn 31/7-3 S.


Faroe Petroleum er operatør for utvinningsløyve 740 i Nordsjøen. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 31/7-3 S («Brasse Øst»). Målet med brønnen er å avgrensa funnet 31/7-1 Brasse.

Brønnen skal borast i blokk 31/7 aust for Osebergfeltet i den midtre delen av Nordsjøen.

Dei geografiske koordinatane for lokasjonen er:

  • 60° 26’ 17.508” Nord
  • 03° 03’ 43.491” Aust

Havdjupna på staden er om lag 124 meter.

Boreoperasjonane startar tidlegast i oktober 2018 og er venta å vare i minst 38 dagar.

Brønn 31/7-3 S skal borast med Transocean Arctic, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.

Innretninga er operert av Transocean Ltd, og fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i juli 2004.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77