Gå til hovedinnhold

Faroe Petroleum får samtykke til leiteboring

Faroe Petroleum har fått samtykke til å bore to leitebrønnar i Nordsjøen.


Faroe Petroleum Norge AS (Faroe) er operatør i utvinningsløyve 740. Løyvet omfatter blokkane 31/7 og 30/9, som ligg aust for Osebergfeltet i Nordsjøen. 

Faroe har gjort eit funn kalla Brasse i brønn 31/7-1, og vil no bore to avgrensingsbrønnar med nemningane 31/7-2 og 31/7-3. I begge brønnane kan det bli bora sidesteg.

Faroe har fått vårt samtykke til boringane.

Dei to brønnane vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 60o 24' 22,01"N og 60o 26' 53,84" N
  • 03o 01' 58,46"A og 03o 01' 44,69" A

Borestadene ligg om lag 97 kilometer vest for Øygarden i Hordaland. Havdjupna i området er 119 meter.

Boringa vil starte i slutten av mai 2017 og vare i 72 dagar for kvar brønn, inkludert mogleg sidesteg.

Brønnane skal borast med Deepsea Bergen. som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, eigd og operert av Odfjell Drilling. Ho vart bygd ved Hyundai i Sør-Korea i 1983, har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg. 

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77