Gå til hovedinnhold

Faroe Petroleum får samtykke til å ta over operatøransvar

Faroe Petroleum Norge AS har fått samtykke til å ta over operatøransvaret for Oselvar- og Trymfeltet.


Oselvarfeltet ligg i blokk 1/2 og 1/3 sør i Nordsjøen, om lag 27 kilometer sørvest for Ula. Feltet er bygd ut med undervassbrønnar, og brønnstraumen vert ført til Ula for prosessering. Produksjonen frå feltet starta i 2012.

Trymfeltet ligg i blokk 3/7 heilt sør i Nordsjøen, tre kilometer frå delelinja til den danske kontinentalsokkelen. Feltet er bygd ut med undervassbrønnar, og brønnstraumen vert ført til Haraldinnretningen på dansk sokkel for prosessering. Produksjonen starta i 2011.

Faroe Petroleum Norge AS (Faroe) tek over operatøransvaret frå Dong E&P Norge AS. Sjølv om det tidlegare er gitt samtykke til bruk av innretningar og røyrleidningar, må den nye operatøren ha samtykke til å bruke desse. Det er fordi samtykke til bruk òg omfattar dei relevante delane av styringssystemet hjå operatøren.

Ptil har no gitt Faroe samtykke til bruk av innretningane og røyrleidningane som er knytte til desse.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12