Gå til hovedinnhold

ExxonMobil får samtykke til bruk av West Alpha på Balder

ExxonMobil har fått samtykke til å bruke West Alpha til produksjonsboring, komplettering og installering av havbotnutstyr på Balderfeltet.


Balder var det første oljefeltet som vart oppdaga på den norske sokkelen, med Esso som einaste rettshavar i utvinningsløyve 001. Det skjedde allereie i 1967, meir enn to år før Ekofiskfeltet vart funne og erklært drivverdig. Balder vart den gang ikkje vurdert som kommersielt interessant. Etter nye undersøkingar vart Balderfeltet seinare bygd ut. Produksjonen starta i 1999, framleis med ExxonMobil som einaste rettshaver og operatør.

Balderfeltet ligg i den midtre delen av Nordsjøen, om lag 213 kilometer vest for Stavanger. Feltet er bygd ut med undervassløysingar knytte til ei flytande, integrert innretning (FPSO). Havdjupna i området er om lag 125 meter. 

ExxonMobil har no fått samtykke frå Ptil til å bruke West Alpha til å bore og komplettere nye produksjonsbrønnar på feltet. Aktivitetane gjelder òg installasjon av havbotnutstyr og plugging av brønnar som ikkje lenger er i bruk.

West Alpha er ei halvt nedsenkbar boreinnretning, bygd ved Nippon Kokan-verftet i Japan i 1986, med fleire seinare oppgraderingar. Innretninga er eigd av Seadrill og operert av North Atlantic Drilling. Ho er registrert i Panama og har klasse i DNV GL.

West Alpha fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juni 2006. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77