Gå til hovedinnhold

Equinor har fått samtykke til leiteboring i Norskehavet

Vi har gitt Equinor samtykke til boring av leitebrønn 6507/3-13 i utvinningsløyve 159B i Norskehavet.


Borelokasjonen ligg omkring 13 kilometer vest for Nornefeltet.

Brønn 6507/3-13 har følgjande geografiske koordinatar:

  • 65º59’26.44"Nord
  • 7º44’43.02" Aust

Havdjupna på staden er 368 meter.

Planlagt borestart for brønnane er tidlegast primo februar 2019. Boreoperasjonane er venta å vara i 81 dagar.

Brønnen skal borast med Transocean Spitsbergen, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-6e, eigd og driven av Transocean Offshore Ltd. Innretninga blei bygd i 2009 ved Aker Stord, er registrert på Marshall Islands og har klasse i DNV GL.

Transocean Spitsbergen fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i november 2012.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77