Gå til hovedinnhold

Equinor har fått samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Equinor Energy as (Equinor) samtykke til leiteboring av brønn 36/1-3.


Equinor er operatør for utvinningsløyve 885. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 36/1-3, kor målet er å undersøka eit prospekt kalla Presto.

Boringa er planlagd starta i desember 2018 med ei varigheit på 35 døgn, 52 døgn om det blir gjort funn. Vassdjupna på staden er 230 meter.

Brønnen skal borast med Transocean Spitsbergen, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Aker H-6e, eigd og driven av Transocean Offshore Ltd. Innretninga blei bygd i 2009 ved Aker Stord, er registrert på Marshall Islands og har klasse i DNV GL.

Transocean Spitsbergen fekk ny samsvarsfråsegn frå Ptil i november 2012 etter eigarskifte.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77