Gå til hovedinnhold

Equinor har fått samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Equinor Energy as (Equinor) samtykke til leiteboring av brønn 35/11-22 S.


Equinor er operatør for utvinningsløyve 248C. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 35/11-22 S, kor målet er å undersøka eit prospekt kalla Bergand.

Brønnen ligg i Nordsjøen, om lag 63 kilometer frå næraste land som er Utvær i Solund kommune i Sogn og Fjordane.

Havdjupna på staden er 355 meter.

Boringa er planlagd starta tidlegast august 2018 med ei varigheit på 48 dagar, avhengig av funn.

Brønnen skal borast med Deepsea Bergen som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen Aker H-3.2, bygd ved Aker Verdal i 1983. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Deepsea Bergen fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2001.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12