Gå til hovedinnhold

Equinor har fått samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Equinor samtykke til leiteboring i blokk 7220/5 i Barentshavet.


Samtykket omfattar boring av leitebrønn 7220/5-3 i utvinningsløyve 532 i Barentshavet.

Målet med brønnen er å undersøka eit leitemål som rettshavarane har gitt kallenamnet «Skruis».

Lokasjonen for boringa vil ha følgjande geografiske koordinat:

  • 72º 35’ 53.39” Nord
  • 20º 22’ 59.64” Aust

Lokasjonen ligg om lag 215 kilometer nordvest for Sørøya i Finnmark og om lag 150 kilometer nordvest for Goliatfeltet.

Havdjupna på staden er 409 meter.

Tidlegaste borestart er august 2018. Boreaktiviteten er estimert til å vara i 27 døgn.

Brønn 7220/5-3 skal borast med den flyttbare boreinnretninga Songa Enabler. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV-GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77