Gå til hovedinnhold

Equinor har fått samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Equinor samtykke til leiteboring i blokk 7132/2 i Barentshavet.


Samtykket omfattar boring av leitebrønn 7132/2-1 i utvinningsløyve 857 i den austlege delen av Barentshavet.

Målet med brønnen er å undersøka eit leitemål som rettshavarane har gitt kallenamnet «Gjøkåsen».

Lokasjonen for boringa har følgjande geografiske koordinat:

  • 71° 51’ 55.87’’ Nord
  • 32° 25’ 56.41’’ Aust

Havdjupna på staden er 293 meter.

Tidlegaste planlagde borestart er primo august 2018. Boreaktiviteten er estimert til å vara i 28,5 døgn.

Brønn 7132/2-1 skal borast med den flyttbare boreinnretninga West Hercules. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 7500, operert av North Atlantic Drilling.

West Hercules fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i desember 2012.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77