Gå til hovedinnhold

Equinor har fått samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Equinor Energy (Equinor) samtykke til leiteboring av brønn 7324/3-1 i Barentshavet.


Brønnen skal borast for å undersøka eit prospekt kalla «Intrepid Eagle» som ligg om lag 172 kilometer søraust for Bjørnøya i utvinningsløyve 615.

Den geografiske lokasjonen for boringa er:

  • 73° 57’ 27.39’’ Nord
  • 24° 41’ 04.09’’ Aust

Havdjupna på staden er 452 meter.

Planlagd borestart er tidlegast medio august 2018. Boringa er estimert til å vara i 28 dagar, avhengig av funn.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga West Hercules. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 7500, operert av North Atlantic Drilling.

West Hercules fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i desember 2012.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12