Gå til hovedinnhold

Equinor får samtykke til leiteboring i Norskehavet

Vi har gitt Equinor Energy AS (Equinor) samtykke til leiteboring i blokk 6608/10 i Norskehavet.


Operatørselskapet Equinor har fått samtykke til å bora avgrensningsbrønn 6608/10-18 i utvinningsløyve 128 D i Norskehavet.

Samtykket omfattar også opsjon for boring av eitt eller to sidesteg.

Brønnen har følgjande lokasjon:

  • 66° 06’ 09’’ Nord
  • 08° 04’ 23’’ Aust

Havdjupet på staden er 373 meter.

Planlagt oppstart av boreoperasjonane er juni 2018. Boringa av hovudbrønnen 6608/10-18 er venta å vara i 26 døgn.  Boring av sidesteg er estimert til 18 dagar.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Songa Encourage.

Songa Encourage er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 4000, operert av Songa Offshore. Ho vart bygd ved Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Noreg.

Songa Encourage fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i april 2016.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77