Gå til hovedinnhold

Equinor får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Equinor Energy (Equinor) samtykke til boring av leitebrønn 7335/3-1 i utvinningsløyve 859 i Barentshavet.


Brønn 7335/3-1 ligg heilt nordaust i opna område i Barentshavet søraust, om lag 420 kilometer utanfor kysten av Finnmark.

Dei geografiske koordinatane er:

  • 73º 59’ 49.86”
  • 35º 50’ 13.73”

Havdjupet på staden er 239 meter.

Brønnen skal borast med West Hercules, ei halvt nedsenkbar boreinnretning operert av Seadrill. West Hercules fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i 2012.

Boringa startar tidlegast i byrjinga av mai 2019 og er estimert å vara i 55 døgn.

Equinor har gitt brønn 7335/3-1 kallenamnet «Korpfjell Deep».

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77