Gå til hovedinnhold

Eni får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Eni Norge (Eni) samtykke til leiteboring i blokk 7122/10 i Barentshavet.


Operatørselskapet Eni har, saman med dei andre rettshavarane i utvinningsløyve 697, søkt om samtykke til å bora ein leitebrønn i blokk 7122/10 i den sørvestlege delen av Barentshavet.

Vi har no gitt samtykke til dette.

Brønnen som skal borast, brønn 7122/10-1 S, skal undersøka eit leiteprospekt kalla «Goliat Eye».

Borelokasjonen ligg like sør for Goliatfeltet, kor Eni er operatør, og har dei geografiske koordinatane:

  • 71° 10’ 17.39’’ Nord
  • 22° 12’ 28.57’’ Aust

Havdjupna på staden er 342 meter.

Boringa startar etter planen i første halvdel av september, og vil vara i minst 37 dagar.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.

Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77