Gå til hovedinnhold

Eni får samtykke til leiteboring i Barentshavet

Eni har fått samtykke til å bore leitebrønn 7318/12-1 i Barentshavet.


Eni Norge AS (Eni) er operatør for utvinningsløyve 716, som ligg i blokkane 7318/11 og 7318/12 i Barentshavet. 

Eni har fått samtykke frå Ptil til å bore brønn 7318/12-11 i eit prospekt kalla Boné-Bigorna. Brønnen vil ha koordinatane

73o 07' 46,84" N
1843' 04,17" A

Borelokasjonen ligg om lag 320 kilometer nordvest for Hammerfest. Havdjupna på staden er 418 meter. Boringa er planlagd å vare i 55 dagar.

Brønnen skal borast med den flyttbare innretninga Scarabeo 8 som er eigd og operert av Saipem SpA. Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12