Gå til hovedinnhold

Eni får samtykke til bruk av Scarabeo 8 på Goliat

Eni har fått samtykke til bruk av Scarabeo 8 på Goliat. Innretninga skal bore to produksjonsbrønnar.


Goliat er eit oljefelt som ligg i Barentshavet, om lag 85 kilometer nordvest for Hammerfest. Feltet er bygd ut med ei sirkulær, integrert innretning. Brønnane borast frå havbotnrammer som er knytte til innretninga. Produksjonen på Goliat starta i mars 2016.

Eni er operatør for feltet.

Den eine av dei to brønnane som skal borast er ein oljeproduksjonsbrønn, medan den andre er ein vanninjeksjonsbrønn.

Det skal først borast eit pilothol, som produksjonsbrønnen skal borast ut ifrå som eit sidesteg. Det vil bli nytta horisontalboring og brønnen får nemninga 7122/7-C-1 AH. Vanninjeksjonsbrønnen får nemninga 7122/7-H-2 H og det vil bli nytta avviksboring.

Boringane er planlagd starta 24. juni 2017.

Brønnane skal borast med Scarabeo 8, som er ei flyttbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.

Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77