Gå til hovedinnhold

Draugen får samtykke til forlenga levetid

A/S Norske Shell har fått samtykke til forlenga levetid for Draugeninnretninga.


Draugen er eit oljefelt som ligg i Norskehavet, om lag 150 km nord for Kristiansund. A/S Norske Shell (Shell) er operatør for feltet. Produksjonen på feltet vart starta i oktober 1993. Feltet er bygt ut med ei botnfast betonginnretning med integrert dekk. Førekomstar i nærleiken vert produserte med havbotnbrønnar knytte til Draugeninnretninga. 

Produksjonen på Draugen starta i 1993.

Shell meiner det er grunnlag for produksjon på Draugen òg etter at utvinningsløyvet løper ut i 2023 og vil søke Olje- og energidepartement om forlenging av utvinningsløyvet. Ptil har likevel ikkje høve til å gi samtykke til drift ut over utvinningsløyvet som no gjeld. Shell har difor fått samtykke til forlenga levetid av Draugeninnretninga fram til 9.3.2024.

 

Inger Anda, Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt
E-post: inger.anda@ptil.no | 970 54 064