Gå til hovedinnhold

Det norske får samtykke til leiteboring på Ivar Aasenfeltet

Det norske har fått samtykke til å bore tre leitebrønnar på Ivar Aasenfeltet.


Det norske oljeselskap ASA (Det norske) er operatør for Ivar Aasenfeltet, som ligg i blokk 16/1 i den midtre delen av Nordsjøen. Feltet ligg om lag 175 kilometer vest for Karmøy i Rogaland.

Det norske vil bore tre avgrensningsbrønnar, som har nemningane 16/1-21 S, 16/1-21 A og 16/1-22. Dei to første består av eit hovudløp og eit sidesteg, slik at dei tre brønnane skal borast frå to ulike lokasjonar.

Dei geografiske koordinatane vil vere:

For 16/1-21 S og A:
58° 55' 41,70" N, 02° 13' 23,04" A

For 16/1-22:
58° 54' 23,10" N, 02° 09' 43,20" A

Den samla varigheita av boreaktivitetane vil vere 153 dagar. Vassdjupet på dei to lokasjonane er 113 og 111 meter.
 
Brønnane vil verte bora med den flyttbare boreinnretninga Maersk Interceptor, som vert operert av Maersk Drilling Norge AS. Innretninga vart levert frå Keppel FELS Shipyard i Singapore i 2014. Ho er registrert i Singapore og har klasse i DNV GL.
 
Maersk Interceptor fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil 5.12.2014.
 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12