Gå til hovedinnhold

Det norske får samtykke til leiteboring

Det norske har fått samtykke til leiteboring i utvinningsløyve 442 i Nordsjøen.


Det norske har overtatt operatøransvaret for utvinningsløyve 442 frå Centrica.

Ptil har gitt Det norske samtykke til å bore ein leitebrønn i eit prospekt kalt Langfjellet. Brønnen har nemninga 25/2-18 S og har dei geografiske koordinatane:

  • 59o 49' 35,03" N
  • 02o 37' 54,02" A 

Borestaden ligg om lag 134 kilometer vest for Austevoll i Hordaland. Havdjupna er 122 meter. 

Aktiviteten er planlagd starta i august 2016 og vil vare frå 31 til 80 dagar, avhengig av om det vert gjort funn.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Maersk Interceptor, som er operert av Maersk Drilling Norge AS.

Innretninga vart levert frå Keppel FELS Shipyard i Singapore i 2014. Ho er registrert i Singapore og har klasse i DNV-GL.
 
Maersk Interceptor fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2014.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12