Gå til hovedinnhold

Det norske får samtykke til bruk av Transocean Winner på Alvheim

Det norske har fått samtykke til bruk av Transocean Winner for å bore produksjonsbrønnar på Alvheimfeltet.


Alvheim er eit olje- og gassfelt som ligg i blokkane 24/6 og 25/4 i den midtre delen av Nordsjøen, vest for Heimdal og ved grensa til britisk sektor. Produksjonen på feltet starta i 2008.
 
Det norske oljeselskap ASA (Det norske) er operatør for Alvheimfeltet, etter at selskapet kjøpte Marathon Oil Norge AS, som tidlegare var operatør for feltet. Alvheimfeltet er bygt ut med ei flytande, integrert produksjonsinnretning (FPSO) og havbotnbrønnar. Olja vert lagra på produksjonsinnretninga og eksportert med tankskip. Gass vert eksportert i ein rørleidning som er knytt til eit røyrsystem på britisk sokkel. 
 
Ptil har gitt Det norske samtykke til å bruke den flyttbare boreinnretninga Transocean Winner til å bore to nye undervass produksjonsbrønnar på Alvheimfeltet. Brønnane har nemningane 24/6 K-6 og 24/6 A-5. Samtykket omfattar òg overhaling av produksjonsbrønnen 24/6 B-2.
 
Havdjupet i området er 120-130 meter. Boringa er planlagd starta i februar 2015 og aktivitetane knytt til den første brønnen er rekna å vare i 139 dager. 
 
Transocean Winner er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen GVA 4000, bygd ved Gøtaverken Arendal i Gøteborg i 1983 og betydeleg oppgradert i 2006. Innretninga er eigd og operert av Transocean Ltd, er registrert på Marshalløyane og har klasse i DNV GL.
 
Transocean Winner fekk samsvarsfråsegn frå Ptil i august 2006.
 
Transocean Winner
 
 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77