Gå til hovedinnhold

Det norske får samtykke til bemanna undervassoperasjonar

Det norske har fått samtykke til bemanna undervassoperasjonar i 2015 på felta Alvheim og Bøyla.


Det norske oljeselskap ASA (Det norske) er operatør på felta Alvheim og Bøyla, som ligg i blokkane 24/6 og 24/9 i den midtre delen av Nordsjøen, nær grensa til den britiske sokkelen. 

Alvheimfeltet er bygd ut med ei flytande, integrert produksjonsinnretning (FPSO). Feltet omfattar dei tre funna Boa, East Kameleon og Kneler. Desse er bygd ut med kvar sin havbotninnretning som er knytte til Alvheiminnretninga. 

Bøylafeltet ligg om lag 28 kilometer sør for Alvheim. Feltet er bygd ut med ei havbotninnretning og knytt til Alvheiminnretninga.

Vassdjupet på begge felta er om lag 120 meter.

Det norske har inngått kontrakt med Technip Norge AS om levering av undervasstenester på Bøylafeltet og Alvheiminnretninga med tilknytta havbotninnretningar. 

Technip vil nytte fartøya DSV Skandi Arctic, DSV Wellservicer og lettfartøyet LDS Technip Seahunter. 

Ptil har gitt Det norske samtykke til desse aktivitetane fram til utgangen av 2015. Det norske skal gi melding til Ptil før dei einskilde aktivitetane startar.