Gå til hovedinnhold

Delsamtykke for Gina Krog-innretninga

Statoil har fått samtykke til å ta i bruk deler av Gina Krog-innretninga.


Statoil er operatør for Gina Krog-feltet, som ligg i blokkene 15/5 og 15/6 i Nordsjøen, om lag 30 km nordvest for Sleipner A.

Feltet er bygt ut med ei bustad- og prosessinnretning på stålunderstell, medan brønnane vert bora frå ei flyttbar boreinnretning. Havdjupna på staden er om lag 116 meter.

Ptil har gitt samtykke til å ta i bruk deler av innretninga. Delsamtykket gjeld bustadkvarter, kraner, røyrleidningar og andre deler av innretninga som er naudsynte for aktivitetar i fasen fram til produksjonsstart.

Statoil må søke om delsamtykke til å ta i bruk produksjonsanlegget i god tid før produksjonen skal starte.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77