Gå til hovedinnhold

DEA har fått samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt DEA Norge (DEA) samtykke til leiteboring i blokk 7321/4 i Barentshavet.


Samtykket omfattar boring av leitebrønn 7321/4-1 i utvinningsløyve 721 i Barentshavet.

Målet med brønnen er å undersøka eit leitemål (prospekt) som rettshavarane kallar «Gråspett».

Lokasjonen for boringa vil ha følgjande geografiske koordinat:

  • 73° 44' 07.76" Nord
  • 21° 08' 21.94" Aust

Lokasjonen ligg 120 kilometer nordaust for Johan Castbergfeltet, 93 kilometer søraust for Bjørnøya og 309 kilometer frå fastlands-Noreg (Ingøya i Finnmark).

Havdjupna på staden er 497 meter.

Planlagd borestart er i slutten av august 2018. Boreaktiviteten er estimert til å vara i minimum 32 døgn.

Brønn 7321/4-1 skal borast med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Global Maritime GM4000, som var nybygd frå verftet COSCO i Kina i 2012. Ho er eigd av Island Drilling Company, operert av Odfjell Drilling, fører norsk flagg og er klassa i DNV GL.

Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Caroline Lagoutte, kommunikasjonsrådgiver;
E-post: Caroline.Lagoutte@ptil.no | 57 87 33 18