Gå til hovedinnhold

Dea får samtykke til boring på Dvalin

Dea Norge AS har fått samtykke til boring av ein grunn gass-brønn på Dvalinfeltet i Norskehavet.


Dvalin er eit gassfelt i Norskehavet, som består av to separate strukturar; Dvalin Øst og Dvalin Vest. Dvalin Øst blei påvist i 2010, om lag 15 kilometer nordvest for Heidrun, på 344 meters vassdjup. Dvalin Vest blei påvist i 2012, omtrent 3,5 kilometer vest for Dvalin Øst, på 400 meters vassdjup.

Dea Norge AS (Dea) er operatør for feltet. Plan for utbygging og drift (PUD) for Dvalin blei godkjent av styresmaktene i mars 2017, og produksjonen skal etter planen starte i slutten av 2020.

Feltet blir bygt ut med ei havbotninnretning. Gassen blir sendt i røyr til Heidrunfeltet.

Dea har no fått samtykke til å bore ein grunn gass-pilot på Dvalin. Målet med brønn 6507/7-U-10 er å utelukke at det er grunn gass i undergrunnen, før boringa av produksjonsbrønnar tek til.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Songa Encourage. Operasjonen startar i juni/juli og er venta å vare i 2-3 dagar.

Songa Encourage er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Cat D, eigd og operert av Songa Offshore. Ho vart bygd ved Daewoo i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV GL. Songa Encourage fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2016.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77