Gå til hovedinnhold

Centrica får samtykke til undersøkingsboring

Centrica har fått samtykke til å bore eit grunt borehol for å undersøke mogleg nærvær av grunn gass i blokk 8/10.


Centrica Resources (Norge) AS (Centrica) er operatør for utvinningsløyve 405 i blokk 8/10 i Nordsjøen, nær Ulafeltet og om lag 263 kilometer SV for Stavanger.

Centrica har fått samtykke frå Ptil til å bore eit grunt borehol ("pilothol") ned til ei djupn på 423 meter under havbotnen. Føremålet med boringa er å stadfeste at det ikkje finst grunn gass i eit område for vidare aktivitet i prospektet. Boringa er rekna å vare i 12 dagar. 

Brønnen vil verte bora på koordinatane:

  • 03° 03' 55.136" A
  • 57 °04' 23.141" N

Brønnen skal borast med den flyttbare innretninga Island Constructor. Innretninga er bygd ved Ulstein Verft i 2008 og er eigd av Island Offshore Management AS. Island Constructor fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i september 2010.


Island Constructor

Island Constructor er opphaveleg eit fartøy bygd for lett brønnintervensjon, men er modifisert til å kunne bore grunne borehol med kveilerøyr. Det er fyrste gong denne teknikken vert nytta ved boring av ein brønn frå ein innretning av denne typen.

- Boring med kveilerøyr frå ein slik innretning vert vesentleg billegare enn med ein tradisjonell boreinnretning, men fullt ut forsvarleg, seier fagleiar Monica Ovesen i Ptil.

- Me ser difor med interesse på at boring med kveilerør frå denne typen innretning vert prøvd ut. Erfaring og kunnskap frå denne boringa kan kome til nytte med omsyn til å ta i bruk kostnadseffektive metoder for boring når tilhøva ligg til rette for det.

- Det er vanleg praksis å undersøke risiko for førekomst av grunn gass med hjelp av grunne borehol ("pilothol") før ein tar til med leteboring og utbygging på ein lokasjon, forklarar Ovesen.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77