Gå til hovedinnhold

BG Norge får samtykke til leiteboring i blokk 34/3

BG Norge AS har fått samtykke til å bore leitebrønn 34/3-5.


BG Norge AS (BG) er operatør for utvinningsløyve PL 373 i Tampenområdet i den nordlege delen av Nordsjøen.

Ptil har gitt BG samtykke til å bore leitebrønnen 34/3-5 i eit prospekt kalla Jordbær Sør. 

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Transocean Searcher. Boringa er rekna å vare i 66  dagar. Vassdjupet på staden er 403 meter.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 61o 46' 31,15" N
  • 02o 45' 40,82" A

Transocean Searcher er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Trosvik Bingo 3000, bygd i Tønsberg i 1983. Ho er eigd og operert av Transocean Ltd. Innretninga er registrert på Marshalløyane og har klasse i DNV GL. 

Transocean Searcher fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2003

 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77