Gå til hovedinnhold

Bayerngas Norge AS har fått samtykke til å bore ein leitebrønn i Nordsjøen

Bayerngas Norge AS (Bayerngas) er operatør for utvinningsløyve 682 i Nordsjøen. Vi har gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 35/9-13 i eit prospekt kalla Tethys.


Boringa er planlagd å starte tidlegast medio oktober 2017.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 61° 25' 20,34" N
  • 03° 49' 39,73" A

Havdjupna på staden er på rundt 365 meter.

Brønnen skal borast med Songa Enabler, som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av CAT D-typen. Ho vart levert frå Daewoo-verftet i Sør-Korea i 2016, er registrert i Norge og har klasse i DNV GL.

Songa Enabler fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli 2016.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77