Gå til hovedinnhold

AkerBP får samtykke til leiteboring

AkerBP har fått samtykke til å bora leitebrønnar i blokk 25/2 i Nordsjøen.


Brønnane som skal borast ligg i blokk 25/2 i utvinningsløyve 442 og omfattar avgrensningsbrønn 25/2-19 S ("Delta") med sidesteg til leitebrønnen 25/19-A ("Nordfjellet") med ein mulig brønntest.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

59° 52’ 27.63’’ Nord
02° 37’ 46.45’’ Aust

Havdjupna på staden er 120 meter og boringa er planlagd starta i august 2017.

Brønnane skal borast med den oppjekkbare boreinnretninga Maersk Interceptor. Innretninga vart levert frå Keppel Shipyard i Singapore i 2014 og er eigd av Maersk AS og vert operert av Maersk Drilling Norge AS.

Maersk Interceptor fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i desember 2014.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77