Gå til hovedinnhold

Aker BP har fått samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Aker BP samtykke til leiteboring av brønn 25/11-29 S.


Aker BP er operatør for utvinningsløyve 916. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 25/11-29 S.
Brønnen ligg i Nordsjøen, nord for Johan Sverdrupfeltet og sør for Granefeltet og har følgjande koordinatar:
 
59° 02' 48.441" Nord
02° 26' 21.804" Aust
 
Havdjupna på staden er 121,6 meter.
 
Operasjonen er planlagd starta tidleg november 2018 med ei varigheit på 20 dagar. 
 
Boringa skal gjennomførast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.
 
Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77