Gå til hovedinnhold

Aker BP har fått samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Vi har gitt Aker BP samtykke til leiteboring av brønn 24/9-13.


Aker BP er operatør for utvinningsløyve 869. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 24/9-13.

Brønnen ligg i Nordsjøen, nær Bøyla og Alvheim-feltet og har følgjande koordinatar:

  • 59° 17' 51.932" Nord
  • ​01° 46' 02.341" Aust

Havdjupna på staden er 117,5 meter.

Operasjonen er planlagd starta tidleg september 2018 med ei varigheit på 23 dagar.

Boringa skal gjennomførast med den flyttbare boreinnretninga Scarabeo 8. Dette er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Moss CS50 MKII, operert av Saipem Norge. Ho blei bygd i Russland og Italia og tatt i bruk i 2012. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert på Bahamas.

Scarabeo 8 fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i mai 2012.

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77