Gå til hovedinnhold

Aker BP har fått samtykke til leiteboring i Barentshavet

Vi har gitt Aker BP samtykke til boring av brønn 7222/10-1 i Barentshavet.


Aker BP er operatør for utvinningsløyve 659 i Barentshavet. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore avgrensingsbrønn 7222/10-1, om lag 65 kilometer nord-nordaust for Snøhvitfeltet. Målet med boringa er å avgrense funn 7221/12-1 («Svanfjell»).

Planlagt oppstart er i mai 2018.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 72° 06' 34.4121 " N
  • 22° 10' 36.3818 " A

Havdjupna på staden er 357 meter.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Deepsea Stavanger.

Deepsea Stavanger er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygd i Sør-Korea i 2010. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Vi gav samsvarsfråsegn (SUT) til Deepsea Stavanger 16. mars 2017. 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77