Gå til hovedinnhold

Aker BP har fått samtykke til leiteboring

Vi har gitt Aker BP samtykke til leiteboring av brønn 7221/12-1 i Barentshavet.


Aker BP er operatør for utvinningsløyve 659 i Barentshavet. Vi har no gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 7221/12-1 for å undersøka eit prospekt dei kallar «Svanefjell», om lag 65 kilometer nord-nordaust for Snøhvitfeltet.

Planlagt oppstart er i april 2018.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 72° 08' 18.679 " N
  • 21° 55' 50.315" A

Havdjupna på staden er 345 meter.

Brønnen skal borast med den flyttbare boreinnretninga Deepsea Stavanger.

Deepsea Stavanger er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygd i Sør-Korea i 2010. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Vi gav samsvarsfråsegn (SUT) til Deepsea Stavanger 16. mars 2017. 

Øyvind Midttun, pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77