Gå til hovedinnhold

Aker BP har fått samtykke til leiteboring

Aker BP er operatør for utvinningsløyve 790 i Nordsjøen. Vi har gitt selskapet samtykke til å bore leitebrønn 34/2-5 S.


Boringa er planlagt starta i desember 2017 med ei varigheit på om lag 150 dagar, avhengig av funn. Vassdjupna på staden er om lag 386 meter.

Borelokasjonen vil ha dei geografiske kooridinatane:

  • 61° 45' 33,997'' N
  • 02° 35' 9.530” A

Brønnen skal boras med Transocean Arctic som er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho blei oppgradert i 2004, har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.

Innretninga er operert av Transocean Ltd. Ho fekk samsvarsfråsegn fra Ptil i juli 2004.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77