Gå til hovedinnhold

Aker BP har fått samtykke til bemanna undervassoperasjonar for 2018

Aker BP har fått samtykke til å gjennomføra bemanna undervassoperasjonar (BUO) for 2018.


Undervassoperasjonane vil gjennomførast av Aker BP sin kontraktør Subsea 7.

Søknaden gjeld for Alvheim, Ula og Valhall-felta.

Undervassoperasjonane vil bli gjennomført av dykkarfartya DSV Seven Falcon, DSV Seven Atlantic og LDC Seven Spray.

Planlagt oppstart er i tredje eller fjerde kvartal 2018. Aktivitetane vil vara i om lag 19 dagar.

Om felta
Alvheimfeltet er bygd ut med ei flytande, integrert produksjonsinnretning (FPSO). Feltet omfattar dei tre funna Boa, East Kameleon og Kneler. Desse er bygd ut med kvar sin havbotninnretning som er knytt til Alvheim-innretninga.

Ula er eit oljefelt i den sørlege delen av norsk sektor i Nordsjøen. Vassdjupna i området er om lag 70 meter. Utbygginga består av tre konvensjonelle stålinnretningar for produksjon, boring og innkvartering, og er knytt saman med bruer.

Valhall er eit oljefelt som ligg i den sørlege delen av Nordsjøen på 70 meter havdjup. Feltet blei opphavleg bygd ut med bustadinnretning, boreinnretning og produksjonsinnretning. I 1996 blei det installert ei brønnhovudinnretning (Valhall WP) med plass til 19 ekstra brønnar.

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12