Gå til hovedinnhold

Aker BP får samtykke til leiteboring i Norskehavet

Vi har gitt Aker BP samtykke til boring av ein leitebrønn i blokk 6507/5 i Norskehavet.


Vi har gitt Aker BP samtykke til å bore brønn 6507/5-8 for å undersøke eit leiteprospekt kalla «KvitungenTumler». Leitebrønn 6507/5-8 høyrer til utvinningsløyve 212 i Norskehavet, og er lokalisert om lag fem kilometer vest for Skarv FPSO.

Boringa er planlagd å starte i februar 2018 og vil vare i minimum 37 dagar.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 65° 41' 58,466" Nord
  • 7° 32' 23,186" Aust

Havdjupna på staden er 408 meter.

Brønnen skal borast med Deepsea Stavanger, som er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygd i Sør-Korea i 2010. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling.

Vi gav samsvarsfråsegn (SUT) til Deepsea Stavanger 16. mars 2017. 

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77