Gå til hovedinnhold

Aker BP får samtykke til leiteboring i Nordsjøen

Aker BP er operatør for utvinningsløyve 203 og har fått samtykke til boring av avgrensningsbrønn 25/4-12 S og A i Nordsjøen.


Brønnen ligg i eit prospekt kalla Gekko i blokk 25/4 på Alvheimfeltet.

Boringa vil starte i midten av mai 2018 og er rekna å vare i  26 døgn.

Vassdjupna på staden er 121 meter.

Brønnen skal borast med Deepsea Stavanger, som er ei halvt nedsenkbar, flyttbar boreinnretning av typen GVA 7500, bygd ved Daewoo Shipbuilding and Marine Engineering Co Ltd i Sør-Korea. Ho er eigd og operert av Odfjell Drilling. Innretninga har klasse i DNV GL og er registrert i Singapore.

Deepsea Stavanger fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i april 2017.

Eileen Brundtland, pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12