Gå til hovedinnhold

Aker BP får samtykke til bruk av Transocean Arctic på Alvheim

Aker BP har fått samtykke til bruk av Transocean Arctic til å bore to produksjonsbrønnar på Alvheimfeltet.


Alvheim er eit olje- og gassfelt som ligg i Nordsjøen nær grensa til britisk sektor og vest for Bømlo i Hordaland. Feltet er bygt ut med brønnhoderammer på havbotnen som er knytte til produksjonsinnretninga Alvheim FPSO.

Dei to brønnane har nemningane 24/6-A-6 og 24/6-A-7 og skal borast i Boa, som er eitt av dei fire reservoara som utgjer Alvheimfeltet.

Transocean Arctic er ei halvt nedsenkbar boreinnretning av typen Marosso 56, bygd ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan i 1987. Ho blei oppgradert i 2004, har klasse i DNV GL og er registrert på Marshall Islands.

Innretninga er operert av Transocean Ltd. Ho fekk samsvarsfråsegn fra Ptil i juli 2004.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77