Gå til hovedinnhold

Aker BP får samtykke til å bore grunn brønn

Aker BP har fått samtykke til å bore ein grunn brønn i prospektet Frigg Gamma Delta.


Aker BP ASA (Aker BP) er operatør for utvinningsløyve 442 i Nordsjøen. Aker BP har gjort funn i eit prospekt kalla Frigg Gamma Delta, om lag 20 kilometer aust for Friggfeltet.  

Aker BP har søkt om samtykke til å bore ein brønn ned til 1180 meter djup på staden der framtidig boring vil finne stad. Formålet er å avkrefte at det kan finnast grunn gass eller vatnsoner der brønnane skal borast.

Brønnen har nemninga 25/2-U 7 og vil ha dei geografiske koordinatane:

  • 59° 53’ 0.20" N
  • 02° 34’ 7.62" A

Havdjupna på staden er 120 meter. Boringa er venta å vare i fem dagar.

Brønnen vil bli bora med den flyttbare boreinnretninga Island Innovator, som er eigd og driven av Odfjell Drilling.

Island Innovator er ei halvt nedsenkbar flyttbar boreinnretning av typen GM4000-WI, bygd i 2012 ved Cosco Zhoushan Shipyard i Kina. Ho er registrert i Noreg og har klasse i DNV GL. Island Innovator fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i august 2013.

Øyvind Midttun, Pressekontakt
E-post: oyvind.midttun@ptil.no | 51 87 34 77