Gå til hovedinnhold

Aker BP får samtykke til å bore ein leitebrønn på Volund

Aker BP har fått samtykke til å bore leitebrønn 24/9-11S på Volundfeltet. Brønnen skal borast med Transocean Arctic.


Aker BP ASA (Aker BP) er operatør på Volundfeltet, som ligg i Nordsjøen om lag 220 kilometer vest for Tananger i Rogaland. Volund er eit oljefelt som er bygt ut med eit havbotnanlegg og knytt til den flyttbare produksjonsinnretninga Alvheim FPSO.

Ptil har gitt Aker BP samtykke til å bore ein leitebrønn med nemninga 24/9-11S på feltet. Samtykket gjeld òg eit mogleg sidesteg. Målet med boringa er å undersøke potensialet i ein formasjon som ligg 7,5 kilometer vest for havbotnanlegget på Volund.

Brønnen vil ha dei geografiske koordinatane

  • 59o 29' 06,79" N
  • 0150' 07,65" A

Havdjupna på staden er 122 meter. Boringa er planlagd å vare i 28 dagar. Eit mogleg sidesteg kjem i tillegg til dette.

Boringa skal gjerast med den flyttbare boreinnretninga Transocean Arctic, som er eigd og driven av Transocean Offshore Ltd. Transocean Arctic blei bygd i 1987 ved Mitsubishi Heavy Industries i Japan. Innretninga blei oppgradert i 2004 og fekk samsvarsfråsegn (SUT) frå Ptil i juli det same året. Ho er registrert på Marshall Islands og har klasse i DNV GL. 

Eileen Brundtland, Pressekontakt
E-post: eileen.brundtland@ptil.no | 51 87 35 12