Gå til hovedinnhold

Rolle og ansvarsområde

Petroleumstilsynet (Ptil) er eit sjølvstendig, statleg tilsynsorgan med myndigheitsansvar for sikkerheit, beredskap og arbeidsmiljø i petroleumsverksemda.


Kort skissert har Ptil ansvar for å setje rammer for verksemda og følgje opp at denne føregår på ein forsvarleg måte. Det inneber å utvikle regelverket, føre tilsyn med at selskapa følgjer det og ta i bruk verkemiddel ved brot på regelverket.

Myndigheitsområde
Ptil sitt tilsynsansvar omfattar petroleumsverksemda på heile den norske kontinentalsokkelen, i tillegg til åtte petroleumsanlegg på land og tilhøyrande røyrleidningssystem.

Tilsynsansvaret omfattar

  • operatørselskap
  • rettshavarar
  • entreprenørar
  • reiarar

Tilsynsansvaret famnar om heile livssyklusen i petroleumsverksemda - frå leiteboring, utbygging og drift fram til stenging og fjerning.

«Førarhund og vaktbikkje»
Folkeleg sagt er Ptil både førarhund og vaktbikkje for næringa. Rolla som førarhund er knytt til den kontinuerlege dialogen vi har med selskapa. Målet med denne er å dela vår kunnskap og erfaring og slik bidra til styring og reduksjon av risiko i verksemda. Kravet til kontinuerleg forbetring er ein bærebjelke i dette.  

Som vaktbikkje fører Ptil tilsyn med at selskapa til ei kvar tid driv forsvarleg, og vi brukar våre verkemiddel dersom dei ikkje gjer det.

Ptil er også eit direktorat
Eit direktorat er eit statleg organ som utviklar, forvaltar og formidlar kunnskap om sitt fagfelt/saksområde.

Direktoratrolla medfører å gje råd til overordna departement, og å være kompetanseorgan overfor sektoren, andre myndigheiter og for ålmenta.

Det inneber blant anna å drive informasjons- og rådgivingsverksemd overfor aktørane i verksemda, og samarbeide med andre HMS-myndigheiter nasjonalt og internasjonalt. I tillegg skal Ptil aktivt bidra til kunnskapsoverføring på helse-, miljø- og sikkerheitsområdet i samfunnet generelt.

Ptil rapporterer til Arbeids- og sosialdepartementet.

Kort historie
Ptil blei etablert 1. januar 2004, held til i Stavanger og har vel 170 medarbeidarar.

Før vi blei etablert som sjølvstendig myndigheit var oppgåvene våre ein del av Oljedirektoratet si verksemd. Regjeringa bestemte i slutten av 2002 at Oljedirektoratet skulle delast, slik at tilsynet med sikkerheita vart lagd til ein eigen etat. Den nye etaten fekk namnet Petroleumstilsynet.