Gå til hovedinnhold

Storulykkerisiko og RNNP

Eit viktig aspekt ved RNNP er erkjenninga av at storulykkerisiko i liten grad kan målast gjennom dei tradisjonelle indikatorane, som for eksempel personskadestatistikk.


Bilde av boreoperasjon

RNNP-arbeidet analyserer ei rekke underliggande indikatorar som har betyding for målinga av storulykkerisiko. Dei forskjellige risikoindikatorane relatert til storulykke vert handsama etter ein komplisert formel, der dei ulike bidraga til totalbildet vert vekta. Prosessen resulterer i ein samla indikator for storulykkerisiko.

Metoden bidrar til at tiltak retta mot dei mest alvorlege hendingane kan settast inn der behovet er størst og der dei får størst effekt.

Sett over fleire år gir storulykkeindikatoren et tydeleg bilete av korleis risikoen for storulykker endrar seg.

Storulykkerisikoen har dei siste ti åra vist ein fallande tendens og er omtrent halvert i løpet av perioden.

Definerte fare- og ulykkessituasjonar (DFUar)
Dei som er ansvarlege for å driva forsvarleg petroleumsverksemd må definera kva hendingar ein må beskytta seg i mot. Denne samlinga av mogelege hendingar vert kalla definerte fare- og ulykkesituasjonar (DFU).  

I samband med  RNNP vert alle innsamla data behandla i ein statistisk modell som viser korleis bidragsytarane til risiko utviklar seg både samla og for den enkelte DFUen.

Dei forskjellige risikoindikatorane relatert til storulykke resulterer i ein samla indikator for storulykkerisiko. Metoden bidrar til at tiltak retta mot dei mest alvorlige hendingane kan settast inn der behovet er størst og kor dei får størst effekt.

DFUane som har potensial for storulykker i petroleumsverksemda:

  • Lekkasje av brennbar gass eller væske
    Ein skil mellom tend og ikkje-tend lekkasje. For eksempel vil ein ikkje-tend gasslekkasje kunne føra til at gass spreier seg over store område, slik at ei seinare tenning fører til eksplosjon og storulykke.
     
  • Brønnkontrollhendingar
    Tap av brønnkontroll kan føra til utblåsing. Ei slik hending har potensial for betydeleg skade på menneske, miljø og innretning.
     
  • Brann/eksplosjon i andre område
    Eksempel på slike hendingar er brann inne i bustadkvarteret, som har potensial for å utvikla seg til ei storulykke
     
  • Kollisjonar og annan skade på innretninga si konstruksjon
    Ein skil mellom kollisjon med skip som manøvrerer nær innretninga (forsyningsfartøy, shuttletankar) og kollisjon med skip som ikkje er relatert til verksemda, samt med drivande gjenstandar (lekterar og liknande).

    Plattformar og riggar er konstruert for å tåla mindre samanstøyt. Men eit stort skip, eventuelt kombinert med høg fart, kan påføra skader som i verste fall fører til full kollaps av innretninga si bærande konstruksjon.

    Det kan også oppstå skade som følgje av ekstreme vêrforhold. Denne type faresituasjonar omfattar stabilitetssvikt og feil på forankring og posisjoneringssystem på flytande innretningar. Dette kan i verste fall føra til totalhavari.
  • Lekkasje frå undervass produksjonsanlegg med røyrleidningar og tilhøyrande utstyr
    Innretningar på havbotnen kan bli skada av gjenstandar som fell ned og treff utstyr, røyrleidningar og liknande. Fiskereiskap kan og gjera stor skade. Storulykkepotensialet ved skade på undervassanlegg er først og fremst knytt til miljøskade som følgje av mogelege oljeutslepp. Dersom undervassanlegget ligg nær ein overflateinnretning, kan også denne bli utsatt for fare.

Fleire indikatorar
I tillegg til DFUane over fins det DFUar som ikkje har storulykkepotensial, men som likevel er ein del av det totale risikobildet. Det gjeld for eksempel

  • personskader
  • arbeidsbetinga sjukdom
  • dykking