Gå til hovedinnhold

RNNP: Spørjeundersøking for tilsette i petroleumsverksemda

Som ein del av Risikonivå i norsk petroleumsvirksomhet (RNNP) vert det annakvart år gjennomført ei spørjeundersøking blant alle som arbeider offshore og på landanlegga. Spørjeskjemaet inneheld spørsmål om sikkerheit, arbeidsmiljøforhold og oppleving av eiga helse. Spørjeundersøkinga for RNNP 2013 er no i gang.


Undersøkinga skal måle dei tilsette si oppleving av arbeidsmiljø og sikkerheit i petroleumsverksemda, og kartlegge forhold som har betyding for variasjon mellom grupper og i utvikling over tid. Dette skal bidra til å identifisere behov for tiltak og måle effekten av tidlegare gjennomførte tiltak.

Undersøkinga omfattar alle som arbeider offshore eller innanfor gjerda på landanlegga, uavhengig av tilsettingsforhold eller varigheit av oppdraget.

Nettbasert skjema
Skjemaet vert levert ut til den enkelte på arbeidsstaden, og kvart skjema har eit unikt nummer. Den enklaste måten å svare på skjemaet er via Internett, sjå: www.iris.no/rnnp2013.

Merk at sjølv om ein vel å svare via Internett vil ein trenge eit papirskjema for å få nummeret som må brukast for å komme inn på nettstaden.

Breitt svargrunnlag gir betre tiltak
Jo fleire som svarer på spørjeskjemaet, jo betre grunnlag vil den enkelte innretning, selskap, næringa og Ptil ha for å setje i gang tiltak.

Undersøkinga føregår i perioden 14. oktober til 24. november 2013.