Gå til hovedinnhold

Rapport om fleksible stigerøyr

Petroleumstilsynet har fått gjennomført ein studie for å oppdatere kunnskapen om så kalla unbonded fleksible stigerøyr.


Hendingar dei seinare åra knytt til fleksible stigerøyr på norsk sokkel viser at det er eit behov for oppdatert kunnskap om unbonded fleksible stigerøyr med fokus på blant anna

  • degraderingsmekanismar
  • feilmoder
  • inspeksjon
  • overvaking og integritetsstyring.

Gjennomgangen konsentrerer seg om design, planlegging, drift, inspeksjon og vedlikehald og korleis ein sikrar tilstrekkeleg dokumentasjon og nyttiggjer seg den informasjonen for å operere fleksible stigerøyr på ein mest mogeleg sikker og påliteleg måte.

Arbeidet har omfatta følgjande tema:

  • Oversikt over hovudtrekk i utviklinga av fleksible stigerøyr
  • Oversikt over dei mest alvorlige hendingane
  • Relevante degraderingsmekanismar og feilmoder
  • Noverande kunnskap og potensiell framtidig risiko og usikkerheit med degradering, aldring og levetidsforlenging
  • Effektar av degraderingsmekanismar på robustheit
  • Framtidige trendar, utvikling og utfordringar
  • Integritetsstyring (design og drift)
  • Inspeksjon- og overvakingsmetodikk
  • Initiativ til forbetring og deling av erfaringar

Rapporten er basert på erfaringar frå Norsk Petroleumsverksemd og internasjonale erfaringar.

Studien er gjennomført av 4Subsea.  Tidlegare har Petroleumstilsynet utført følgjande arbeid relatert til fleksible røyrleidningar og stigerøyr:

Krav i regelverket
I rammeforskrifta § 11 om prinsipp for risikoreduksjon og styringsforskrifta § 4 om risikoreduksjon er det krav om at ein kontinuerlig skal søke løysingar og barrierar (tekniske, operasjonelle og organisatoriske) som gir lavast muleg risiko.

Vidare i styringsforskrifta § 5 om barrierar er det krav til å etablere barrierar, både risikoreduserande (preventive) og konsekvensreduserande.

§ 23 i styringsforskrifta om kontinuerlig forbetring gir krav om kontinuerlig å forbetre helse, miljø og sikkerheit, evaluere effekt og legge til rette for at erfaringskunnskap frå eigen og andre si verksemd kan bli nytta i forbetringsarbeidet.

For å halde oversikt over hendingar i petroleumsverksemda er det i styringsforskrifta § 29 om varsling og melding til tilsynsmyndighetene av fare- og ulukkesituasjonar og § 36 om rapportering av skadar på berande konstruksjonar og røyrleidningssystem krav til rapportering av hendingar.

Desse krava er viktige for sikker operasjon av fleksible stigerøyr gjennom heile levetida. Ved å ha klare reglar og krav for design, installering og drift - og ved å dele erfaringar, lære av tidlegare feil og auke den generelle kunnskapen i industrien - vil det vere muleg å redusere talet på hendingar knytt til fleksible stigerøyr.